|
|
|
Grendamøte i samband med kommuneplanen
Det er nå gjennomført møte i alle skulekrinsane. Oppmøtet har vore noko varierande, men jevnt over bra. Best oppmøte på Jelsa, Nesflaten, Ropeidhalvøya og Hylsfjorden.
Ordførar og rådmann og hennar folk har gitt tilbakemelding på kommuneplanprosessen og det endelege resultatet. Nytt denne gongen er at kommuneplanen er trykt opp og delt ut til dei som var til stades på møta. Det same er aksjonsplan for landbruket.
I tillegg er det gitt informasjon om prosessen med å intergrera nye suldøler, dei som kjem frå andre deler av verda. Det er gitt informasjon om status i driftstilpassingsprosjektet, endringar i organiseringa av oppvekst-området og innan helse / psykisk helse. Arbeidet med å utforma servicetorg i kommunen er det også gitt informasjon om.
I møta har innbyggjarane teke opp aktuelle tema og utfordringar, det har vore gode meiningsutvekslingar og noken saker må det arbeidast vidare med i etterkant av møta.
Dei som ikkje hadde anledning til å vera med på møta kan få kommuneplanen / aksjonsplan for landbruket i informasjonen på kommunehuset. Du finn dei også på www.suldal.net under sjølbetening - vedtekne planar.
Publisert av
Torbjørn Guggedal.
Sist endra 27.01.2010
|
|
|
|
|
|
|
|