suldal.jpg
 

Høyring av Lokal vinterforskrift etter matrikkellova

Grensemerke

Med heimel i matrikkelforskrifta § 18 vedtok LMT-utvalet i møte 21.01.2010 å leggja Lokal vinterforskrift ut til offentleg ettersyn.

Vinterforskrifta medfører at fristen på 16 veker for fullføring av oppmålingssaker etter matrikkellova ikkje vert rekna i tidsrommet frå 1.desember til 30.april i tillegg til at fristen for å rekna tid skal stoppa opp i dei delane av kommunen som ligg på kotehøgd over 200 meter frå det kjem snø/tele i bakken til snøen er smelta.

Merknader må sendast Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand eller på e-post postmottak@suldal.kommune.no

innan  5. februar 2010.

Framlegg til Lokal vinterforskrift etter matrikkellova finn du her

Publisert av Torbjørn Guggedal. Sist endra 29.01.2010
     
Validator
Levert av ACOS AS
Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand.