suldal.jpg
 

SKOTPREMIE - PRESISERING AV REGELVERKET

I samband med budsjettet for 2010 gjorde kommunestyret følgjande vedtak: Det vert innført skotpremie på rev tilsvarande tidlegare ordning.

Vidare er det avsett kr 75 000 til føremålet.

Rådmannen fann grunn til å koma med ei presisering av vedtaket og la fram melding om dette i LMT-utvalet og formannskapet.

Sak om skotpremie var til handsaming i LMT utvalet 19.03.2009.  Vedtaket då var at det ikkje skulle vera skotpremie  i kommunen .

Tilrådinga som ikkje vart vedteken var følgjande: "Suldal kommune godkjenner utbetaling av skotpremie/gåver frå lag foreiningar og kommune på viltartar som har jakttid og gjer skade ved lovleg og human felling  og fangst. Dersom det må setjast ei øvre grense på beløpet, så kan den vera kr 3 000." (Det var her meint gaupe).

Bakgrunnen for at saka i det heile kom opp var at Suldal sau og geit  hadde sett opp skotpremie på gaupe.  Skotpremie kan berre betalast ut dersom kommunen har godkjent ordninga.

Etter viltlova kan kommunen berre tillata skotpremie til viltartar som gjer skade og som har jakttid. Det er jakttid mellom anna  på rev, gaupe og mink. Dette er arter kommunen kan tillata at det vert betalt ut skotpremie for. Men berre i jakttida.  Jakttida for rev er frå og med 15 juli til og med 15. april.  Det er såleis inga jakttid dei tre månadane frå 15. april til 15. juli.  Vidare er det eit generelt forbod mot jakt 24.-31.12, og langfredag, påskafta og første påskedag. Det er ikkje jakttid på ulv, jerv og bjørn.  Det kan såleis ikkje tillatast skotpremie for desse artane.

Etter  "tidlegare ordning" betalte kommunen ut premie for mink og  all rev, også revungar som vart tekne utanom jakttida. ( Det er lov å ta revehi utanom jakttida  når det er fare for at reven vil ta sau, men altså lovstridig å  betala skotpremie for rev avliva i denne perioden).

Med bakgrunn i kommunestyret sitt vedtak i budsjettet for 2010, LMT-utvalet 19.03.2009 og viltlova vil rådmannen praktisere følgjande:

Det vert betalt kr 300 i skotpremie for lovleg felt rev når jakta skjer innafor lovleg jakttid som er 15. juli  - 15. april. (Ikkje jule og påskedagane med generelt jaktforbod).

I samsvar med LMT-vedtak 19.03.2009  er det  ikkje lov for kommunen eller lag ogorganisasjonar å betala skotpremie for gaupe. Det er heller ikkje skotpremie for mink.

 

 

Publisert av Torbjørn Guggedal. Sist endra 03.02.2010
     
Validator
Levert av ACOS AS
Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand.