|
|
|
Klassisk lunsjkonsert
Lei av OL og sport på TV? Lunsjkonserten på Kulturhuset onsdag 10. mars blir klassisk på alle vis. Klassisk musikk, klassisk tidspunkt og klassisk konsertstad.
Alie Hamberg på piano og Xenia Berkova på fiolin inviterer til musikk med kjente klassiske komponistar. Ludvig van Beethoven, Georg Friedich Händel og Bela Bartok står på programmet, det same gjer musikk frå storfilmen Schindlers liste.
Foajeen på Kulturhuset er staden for dei som ønskjer lunsj med noko attåt. Vel møtt onsdag 10. mars kl 11.30.
Publisert av
Aud Marit Hauge.
Sist endra 02.03.2010
|
|
|
|
|
|
|
|