|
|
|
Felles informasjon
Under handsaming av handlingsprogrammet for 2008 - 2011 gjorde kommunestyret vedtak om at formannskap, administrasjon og fagorganisasjonane i 2008 skal arbeida med å tilpassa driftsnivået og betra kvalitet og effektivitet i kommunen. Arbeidet vert etter mal frå kommunaldepartementet, kvalitetskommuneprosjektet.
Bakgrunnen for dette er mellom anna at kommunen frå 2009 ligg an til å få eit overforbruk på 20 mill. kroner dersom ein ikkje set i verk tiltak.
Styringsgruppe
Det er sett ned fylgjande styringsgruppe for å leia dette arbeidet:
- Hans Sæter, formannskapet
- Tone Mari Sand, formannskapet
- Dagrunn Vormestrand, hovudtillitsvald
- Berit Myrland, hovudtillitsvald
- Siri Fahlvik Pettersen, rådmann
- Dagfinn Helland. ass. rådmann
- Ordføraren, som leiar av gruppa
Vidare arbeid
Styringsgruppa har fullmakt til å setja ned arbeidsgruppe og avgjera samansetting av desse etter behov. Vidare har styringsgruppa også fullmakt til velja konsulentfirma og avgjera korleis den eksterne hjelpa skal nyttast. Endeleg skal styringsgruppa, med bakgrunn i ulike evalueringar i kvalitetskommuneprosjektet, leggja fram tilråding om eventuelle endringar for politisk handsaming.
Målet er å fastsetja kva for tiltak som skal gjennomførast i løpet av 2008. Gjennomføring av tiltak vil truleg bli delt på 2009 og 2010. I denne tida vil alle ledige stillingar bli vurderte av rådmannen før utlysing. Rådmannen vil rådføra seg med styringsgruppa om kva for stillingar som eventuelt ikkje skal lysast ut.
Torkel Myklebust ordførar
Publisert av
Torkel Myklebust.
Sist endra 26.08.2008
Driftstilpassingsprosjektet
|
|
|
|
|
|
|
|