Landbruk er ei stor næring i Suldal. Det vert utført om lag 270 årsverk delt på dei 220 bruka som søkjer om produksjonstilskot. Suldalsbøndene produserer mjølk og kjøt til å dekka forbruket i ein middels stor by. Relativt sett er det produksjon av sauekjøt som tel mest der Suldal kan dekka forbruket til om lag 146.000 personar. Vidare leverar suldalsbøndene årleg ved nok til å varma opp 1.000 einebustader og tømmer til 200 nye hus.
Ei anna stor næring er energiproduksjon. Ulla-Førre er Nord-Europas største vasskraftutbygging med fire kraftstasjonar; Kvilldal, Hylen, Saurdal og Stølsdal. Kvilldal er Noregs største med installert effekt på 1240 MW. Blåsjømagasinet rommar over 3 milliardar m3 vatn og er eit fleirårsmagasin. I tillegg kjem Hydros vannkraftanlegg i Røldal-Suldal som har eit nedbørsfelt på 825 km2 og ein magasinkapasitet på 832 mill. m3. Suldal Elverk KF og ei rekke småkraftverk rundt om i kommunen er og viktige kraftprodusentar.
Innan industrien er mellom anna stein og tre viktig. Norsk Stein den største produksjonsverksemda for tilslag (steinknusebedrifta) i Skandinavia. Dei produserar pukk og tilslag til asfalt og betong. Produksjonsanlegget er bygd ut etappevis, og produksjonen det siste året var om lag 5,5 millionar tonn. Steinen vert sprengd ut frå dagbrot, og foredlinga går føre seg ved knusing, sikting og sortering. Deretter vert produkta skipa ut til den europeiske marknaden i bulkskip som kan ta opp til 28.000 tonn knust stein. Dei neste åra skal bedrifta utvide produksjonskapasiteten og satsar på å bli leiande i verdssamanheng.
Innan trevareindustrien vert det i Suldal produsert trappar, vindauge, dører, kjøkken, møblar m.m.
Transportnæringa er og viktig for Suldal. Suldal Billag har frå den spede start i 1919 vakse seg til ei av dei største transportbedriftene i regionen. I 2003 vart Suldal Transport AS etablert. Selskapet fokuserer på distribusjons- og kontraktskøyring på Vestlandet. Samla disponerer Suldal Transport 130 køyretøy og har 220 tilsette.
Andre næringar med lange tradisjonar i Suldal er reiseliv og kultur. I Suldal finn folk ein variert og vakker natur som egnar seg til både rekreasjon og aktivitetar i friluft både sommar og vinter. Dessutan har kultur vore eit viktig satsingsområde dei siste åra, m.a. med nytt Kulturhus i 2002. Dette gjer Suldal til ein attraktiv turist- og hyttekommune. Å tilby varer og tenester til hyttefolk er ei næring i vekst.
Men i iveren etter å visa alt som er stort og flott, må me ikkje gløyma alle dei små bedriftene som er ein svært så viktig del av næringslivet i Suldal. Butikkane i Gata på Sand og bedriftene rundt om i grendene som gjer at ein kan få det meste av det ein treng her i Suldal.
Vil du veta meir, ta kontakt med dei som har god kjennskap til næringane:
Suldal Vekst AS driv gjennom avtale med Suldal kommune det kommunale næringsutviklingsarbeidet i Suldal og har god kjennskap til næringslivet i kommunen. Ta kontakt på tlf. 52 79 06 00 eller epost: post@suldalvekst.no
Suldal kommune v/Tenesteområde Bygdeutvikling ivaretek den offentlege landbruksforvaltning og spelar ei viktig rolle som rådgjevings- og kontrollorgan for landbruksnæringa. Ta kontakt på epost: post@suldal.kommune.no
Suldal Reiselivslag har god kontakt med og gode kunnskapar om reiselivsbedriftene i kommunen. Ta kontakt på tlf. 52 70 05 60 eller epost: post@suldal-turistkontor.no