|
|
|
Næring
Dei viktigaste næringane i Suldal Suldal sitt næringsliv er i stor grad basert på dei gode naturgjevne føresetnadene i kommunen. Ein av dei viktigaste næringane er energiproduksjon. Ulla Førre er Nord-Europas største vasskraftutbygging. I tillegg kjem produksjonen ved Hydro Kraftproduksjon Røldal-Suldal, Suldal Elverk KF og ei rekke småkraftverk. Vidare er produksjon av pukk og tilslag til asfalt og betong ei viktig næring. Norsk Stein er den største produksjonsverksemda for tilslag (steinknusebedrifta) i Skandinavia. Tradisjonelt er Suldal rekna som ein landbrukskommune. Variert og vakker natur gjer også Suldal til ein attraktiv turist- og hyttekommune. Sist, men ikkje minst, nemnar me transportnæringa som ei viktig næring i Suldal.
Publisert av
Torbjørn Guggedal.
Sist endra 05.02.2010
|
|
|
|
|
Torbjørn Guggedal
|
|
|