suldal.jpg
 
Skulane i Suldal

Mål: Alle barn i Suldal kommune skal få eit pedagogisk godt skuletilbod og elevane i leirskulen skal få eit tilbod der dei får auka forståing for og gode opplevingar i natur.

Suldal har eit desentralisert skulemønster:

- Tre skular med 1.-7. trinn: Erfjord, Marvik og Vinjar
- To oppvekstsentra med barnehage og 1.-7. trinn: Jelsa og Vanvik
- To skular med 1.-10. trinn: Nesflaten og Sand
- Ein leirskule: Gullingen

Det er skulefritidsordning (SFO) ved alle skulane.

Oppvekstsjef i Suldal er Sigrund Kleppa
Rådgjevar for alle skulane i Suldal er Kolbein Bakka, Sand skule.

Oppstart av ny ungdomsskule på Sand hausten 2010
23. august 2010 startar Sand skule opp med nytt ungdomstrinn for elevar frå Erfjord, Jelsa, Marvik, Vinjar og Sand. Det har vore eit omfattande forarbeid i forhold til flytting av personale, bli kjent-opplegg for klassane, læreplanar og bøker, skysslogistikk mm.

Prosjekt Les for livet!
Å kunne lese er grunnlaget for svært mykje av læringa som skjer i skulen. Grunnlaget for språkutviklinga og det å bli ein motivert lesar blir lagt tidleg. Å meistre lesinga kan gi mange opplevingar, og effektiv lesing er viktig for læring gjennom heile livet. Det er ingen tvil om at språk og lesing er viktig!

Erfjord og Sand skule, og Joagarden, Randåsen og Stølane barnehage gjekk difor i våren 2008 saman om å søkje om eit stort prosjekt innanfor Utdanningsdirektoratet sitt skuleutviklingsprogram "Fra ord til handling". Prosjektet blei kalla "Les for livet" og har dreidd seg om målretta arbeid og samarbeid om språkstimulering og leseopplæring i barnehagen og skulen. Kommunen har knytt til seg fleire fagmiljø, mellom anna IRIS (tidlegare Rogalandsforsking). I tillegg har Gjesdal kommune bidratt med eit system dei har utvikla for utvikling av lesedugleik - "SOL" (systematisk observasjon av lesing). Dette har alle skulane i Suldal tatt i bruk. Prosjektet har vore gjennomført i frå 2008 til 2010, og er no avslutta. Ein har gjort seg mange nyttige erfaringar i prosjektet, og mykje av det ein har prøvd ut i prosjektperioden vil no bli vidareført og tatt i bruk av dei andre barnehagane og skulane i kommunen. Som eit resultat av prosjektet er det også laga ein felles plan for språk, lese- og skriveopplæringa i barnehage og småskule i kommunen.

Prosjektansvarleg har vore Eva Songe Paulsen. På nettsida til prosjektet kan du lese meir om det ein har gjort: www.minskule.no/lesforlivet

Kommunalt foreldreutval i Suldal
KFU i Suldal har fått eigne nettsider. Sjå www.minskule.no/kfau

Den kulturelle skulesekken
Meir om den kulturelle skulesekken i Suldal finn du her.

Barnehage- og skulerute for 2010 - 2011 finn du her.

Sist endra 20.08.2010
Telefon :
52 79 22 71
Tittel :
skulefagleg rådgjevar
  • Utskriftsvenleg versjon
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand.