|
|
|
Stortings- og sametingsvalet 2009
Valdagen for Stortings- og sametingsvalet 2009 er måndag 14. september. Informasjon om valet blir lagt ut fortløpande.
Gjennomføringa av valet i Suldal blir leia av valstyret som er valt av kommunestyret. Valstyret består av medlemmene i formannskapet:
- Torkel Myklebust, leiar
- Hans Sæter, nestleiar
- Gerd Helen Bø
- Berit Haugsland
- Tone Mari Sand
- Hans Erik Svennes
- Roar Obrestad
Kontaktperson og sekretær for valstyret er Ole Rasmus Owe, tlf. 52 79 22 02.
Sametingsval Kommunar som har færre enn 30 regisrerte innbyggjarar med røysterett ved sametingsvalet skal ikkje avhalde sametingsval. Dette gjeld Suldal kommune, og det vil ikkje vere val til sametinget i Suldal på valdagen. Dei i Suldal som har røysterett til sametinget og ønskjer å nytte denne, må førehandsrøyste. Les meir om sametingsvalet på sametinget si nettside.
Kyrkjeval Same dag som stortingsvalet vil det også vere kyrkjeval som kyrkja sjølv gjennomfører. Vallokala for stortingsval og kyrkjeval vil i kvar krins vere i nærleiken av kvarandre. Du kan lese meir om kyrkjevalet her.
Aktuelle lenkjer:
Kommunal- og regionaldepartementet sine valsider
Rogaland fylkeskommune sine valsider
Valsider til andre kommunar i Rogaland
Valstatistikk frå Statistisk sentralbyrå
Vallova
Publisert av
Ole Rasmus Owe.
Sist endra 06.08.2009
|
|
|
|
|
Dagfinn Helland
Ingrid Vestbø
|
|
|