spacerMeny spacer
spacer
Klikkbart bilete
Turistinformasjon NorskInformation in EnglishTyskInformación en españolFranskInformatie nederlands
Ski-informasjon
Sjå film!
Opplev Foldøy
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Informasjon Publisert 22.06.2007
Ny Giv heading

Korleis kan kommunesenteret Sand bli ein enda betre plass å vere for de som bur her og dykk som vitjar oss? Kva kvalitetar har me her på Sand som ikkje finns andre plasser? Kor finn me berebjelkane for framtidas Sand? Dette er nokre sentrale spørsmål me stillar oss i vårt arbeid med Ny Giv på Sand.

Informasjon Publisert 08.04.2009
Ny Giv

Ny Giv-prosjektet er no avslutta, og her finn du sluttrapporten frå prosjektet.

Informasjon Publisert 19.02.2009
ArkKonk Nye Torjå - forslag 3 modell

Torsdag 26. februar vert det oppstartsmøte for både Torget og Bru over Høse. - Me vonar publikum vil følgje både prosjekta med spaning uttalar Tettstadforedlar Alf Waage.

Informasjon Publisert 21.11.2008
Arkitektkonkurranse Nye Torjå 5 nov 2008

Onsdag 5. november var Suldølar i alle aldre samla til workshop med Landskapsfabrikken - landskapsarkitektane som vann konkurransen om nye Torjå. I løpet av tre timar kom det både mange, gode og konkrete innspel. Innspela blir no tatt med vidare i prosessen, og kommunen i samråd med Landskapsfabrikken vil gjera ei prioritering. Klikk på "les meir" for å sjå heile lista over innspel.

Informasjon Publisert 19.11.2008
Arkitektkonkurranse Nye Torjå - vinnarforslaget

Ein einstemming fagjury vedtok tysdag 28 og onsdag 29 oktober at forslaget "VEV", utarbeida av Landskapsfabrikken frå Oslo, skal danne grunnlaget for det vidare arbeidet med nye Torjå. I siste fase av den anonyme konkurransen var det tre forslag som stod igjen, og til slutt var det visjonen om eit robust, fleksibelt og opent torg som vann fram. Trykk på "les meir" for å laste ned juryens rapport.

Informasjon Publisert 18.11.2008
Arkitektkonkurranse Nye Torjå - workshop bilete2

Denne veka har planane for nye Torjå på Sand stått i fokus. Tysdag 4. november offentleggjorde kommunen hvilket av dei tre ulike forslaga som vann. Allereie dagen etterpå var det duka for workshop saman med vinnarkontoret. Både offentleggjeringa og workshopen var open for alle, og vinnarkontoret var svært nøgd med tilbakemeldingane som kom.

Informasjon Publisert 06.10.2008
Nye Tårjå

På kulturhuset i Suldal kan du fram til laurdag 25. oktober sjå tre forslag til utforming av nytt torg i Sand sentrum. (Tidspunktet er utvida.) Tre ulike landskapsarkitekt-kontor har levert inn kvart sitt forslag. Vinnaren vert annonsert i byrjinga av november, og i byrjinga av november kjem vinnarkontoret hit for å ha ein workshop saman med lokale arbeidsgrupper. I mellomtida vil me gjerne ha di meining.

Sjå utstillinga!  Delta i arbeidsgrupper!  Gi tilbakemelding!

Informasjon Publisert 17.09.2008
Nokre av folka som deltok på idédugnad hausten 2006 er på veg ut for å feste ballongar på sine favorittplassar i sentrum.

Kommunen v/ Ny Giv inviterar enno ein gong Suldølen til å delta aktivt i arbeidet med forbetringar i Sand sentrum. I samband med den pågåande arkitektkonkurransen for nytt torg ønskjer kommunen  aktiv deltaking frå alle som har tankar om kva det nye torget bør innehalde. Det er særleg ungdom og unge vaksne kommunen no ønskjer kontakt med. No skal nokre av tankane frå idédugnaden hausten 2006 og folkemøtet vinteren 2007 verta konkretisert.

Informasjon Publisert 21.02.2008
Illustrasjonsbilete - gamalt trehus
I år som i fjor lysar Ny Giv ut Stimuleringsmidlar. Eig du eit gamalt trehus på Sand? Planlegg du rehabilitering, tilbakeføring eller tilpassing av nybygg? Då kan du søkje om midlar. Søknadsfrist: 01. mai 2008.
Informasjon Publisert 12.02.2008
Skisse som viser forslag til bru over Høse.
Dei to bileta viser to ulike forslag til framtidig bru over Høse. Forslaga er laga av arkitektane Sami Rintala, Dagur Eggertson og Ivan Kroupa. Suldal kommune ønskjer tilbakemeldingar frå publikum som arkitektane kan ta med seg i det vidare arbeidet med utforming. Skriv ein e-post til postmottak@suldal.kommune.no og sei di meining!
Informasjon Publisert 30.01.2008
Portrett av Sami Rintala
Førstkomande laurdag kl. 12.00 kan du vera med å påverka korleis den planlagde brua over Høse vert sjåande ut. Møt opp i allrommet på Kulturhuset. Der vil arkitekten Sami Rintala, saman med to kollegaar, presentera fleire forslag til ny bru, og dei vil gjerne vite kva folk her i Suldal meinar. Presentasjonen vert halden på norsk.

Vel møtt! Helsing Ny Giv og bygdeutvikling.
Informasjon Publisert 23.01.2008
Bilde av Kjersti Greger og Nicholas Wakeham. Ansvarlige for workshop i Digital Storytelling for 10. klasse ved Sand skule, januar 2008. Prosjektet er en del av Ny Giv - tettstadutvikling.
Denne veka står det berre ein ting på timeplanen til 10 klasse på Sand. Dei lagar film. Kjersti Greger og Nicholas Wakeham frå Malmö står for undervisninga. Prosjektet er ein del av Ny Giv og kommunen sitt arbeid med utviklinga av strandstaden. Elevane har fått i oppgåve å lage små filmar kor dei fortel noko om korleis dei ønskjer at nye Torjå eller Neset skal bli. Dei ferdige filmane vil mellom anna bli ein viktig del av arbeidet med den planlagde arkitektkonkurransen.
Informasjon Publisert 07.12.2007
Ferje Sand-Ropeid
I byrjinga av 2008 vil Suldal kommune med ordførar og Ny Giv i spissen invitere til arkitektkonkurranse for Sand sentrum. Torget, badeplassen og sjøfronten står i fokus.
Informasjon Publisert 26.10.2007
Nærstudie av verk utført av dei skotske gjestekunstnarane Elaine Allsion og Patricia Bray, hausten 2007.
Kunstnarprosjekt Suldal inviterer:

Du er invitert til å feire opninga av eit nytt verk utført av kunstnarane Elaine Allison og Patricia Bray.

Dato: Fredag 26. oktober
Tid: 18.00 – NB! MØT PRESIS!
Stad: Ferjeleiet på Sand

Born og unge er velkomne!
Konkurranse med premiar frå Skottland.
Informasjon Publisert 11.10.2007
Plakat for dei nye utstillingsmontrane på Torget
Alle som vil kan vere med å fylle dei nye montrane på Torget på Sand. Har du ein god idé eller noko du vil syne fram, ta kontakt med kulturkontoret - Ny Giv, 52792268
Informasjon Publisert 10.10.2007
Utstillingsmontra
Kommunen ønskjer velkommen til opning av dei nye utstillingsmontrane på torget på Sand måndag 1. oktober klokka 1900. Elever frå Sand skulle visar seg fram inni montrane, og utanfor serverar med kaffi, noko å bite i og litt musikk.
Alle er velkomne!
Informasjon Publisert 03.10.2007
Bilde av Mari Smørgrav sin modell av Rasmussenssjøhuset.
Om det blir slik Mari Smørgrav ser for seg kan me snart ta badstu medan me ser sola gå ned bak Sellandsnuten.
Informasjon Publisert 03.10.2007
5.kl. ved Sand skule poserar etter at dei er ferdig med første dag av prosjektet Riv Ruskande Gal, våren 2007. Prosjektet var ein del av Ny Giv.
Eit merkelig byggverk har sett dagens lys på torget på Sand. Kva kan det vere? Det er eit fantasibygg laga av elevane i 5. 6. og 7. klasse på Sand skule. Eventyrbygget skal bli ståande fram til skulestart.
Informasjon Publisert 03.10.2007
Mari Smørgrav - mindmap over Sand sentrum

Mari Smørgrav ser syn for Sand sentrum

Informasjon Publisert 08.06.2007
Folket har talt. Det var ingen tvil kven som hadde gjort seg fortent til tittelen årets dugnadshelt 2007. Me gratulerar Bjørg Jørgensen og Solveig Mikkelsen!
Informasjon Publisert 25.04.2007
Ryddedugnad

Torsdag 3. mai inviterast alle til å delta på dugnad på Sand.
Frå fredag 27. april - fredag 4. mai vert det fokus på rydding her på Sand. Det vert satt ut søppelkontainarar på følgjande plasser: Suldalshallen, Parkeringsplassen bak kulturhuset og Krysset inn til Prestaåsen. Feiebilen sopar vegar, fortau og offentlege plasser.

Informasjon Publisert 08.03.2007
smiley

Suldal med kommunesenteret Sand er vald ut som ein av seks pilotkommunar i Statens Husbank sitt nye program for bærekraftig utvikling av attraktive tettstader.
- Det er særlig vår fokus på brukaranes medverknad, synlege resultat og at det skal gjennomføres som eit spleiselag som gjer at Husbanken vel ut oss, uttalar tettstadforedlar Alf Waage.

Informasjon Publisert 27.02.2007
Bilete skal brukas i annonsering og anna i høve til Inspirasjon + Diskusjonserien til Ny Giv.
Grete Holmboe møter arkitektkontoret Helen & Hard frå Stavanger til ein diskusjon om oss og omgivnadene. Korleis vil me ha det omkring oss, og kva rolle spelar det eigentleg?

Onsdag 7. mars kl. 19 - 21 på Ryfylkemuseet.
Informasjon Publisert 07.02.2007
Nokre av folka som deltok på idédugnad hausten 2006 er på veg ut for å feste ballongar på sine favorittplassar i sentrum.
No kan alle innbyggarane i Suldal lese kva som skal gjerast i kommunesenteret Sand. Handlingsplanen kan lastast ned frå nettet frå og med i dag, og om kort tid vil den og vere tilgjengelig i papirutgåve på Kommunehuset, Garaneset, Kulturhuset og alle biblioteka i kommunen.
Informasjon Publisert 18.01.2007
Ny Giv - pilotkommune oppslag i Aftenbladet

Suldal er vald ut som ein av seks pilotkommunar i Husbanken sitt nye program for bærekraftig utvikling av attraktive tettstader.

Informasjon Publisert 17.01.2007
Har du meiningar om kva som bør skje på Sand? No har du siste høve til å påverka innhaldet i Ny Giv sin handlingsplan for tettstadutviklinga på Sand.
Informasjon Publisert 03.11.2006
Korleis ønskjer du at Sand sentrum skal sjå ut?

DATO: Laurdag 11. november
TID: kl. 10:00 – 15:00
STAD: Kommunehuset
Søk
Kontaktinformasjon
Suldal kommune
Eidsvegen 7
4230  Sand
 
E-post : postmottak@suldal.kommune.no
 
 
Telefon : 52 79 22 00
Faks : 52 79 22 05
Beredskap : Beredskapskoordinator Dagfinn Helland 41266217
(BeredskapTlf02) : Ordførar Torkel Myklebust 41447800
(BeredskapTlf03) : Rådmann Siri Fahlvik Pettersen 40406301
Org.nr. : 964 979 189
(Kontonr) : 3202.07.01152
(Kommunenr) : 1134
_
Opningstid : Måndag - fredag 08:00 - 15.30
Kva skjer?
september 2010
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Komande hendingar
Ord for dagen
 
  Den iherdige vinn, den brå taper.
   
Levert av ACOS AS
Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand.