Mitt Ryfylke

Helsestasjon

Hovudkontoret for helsestasjonen ligg i Helsetunet på Sand.

Timebestilling tlf 52 79 23 00.

Helsestasjonen tilbyr
- jordmorteneste
- helsestasjon for barn 0-6 år
- skulehelseteneste
- helsestasjon for ungdom
- reisevaksinering.

Svangerskapskontrollar og barnekontrollar vert utført på Sand. Skulehelsetenesta vert utført på dei ulike barne-og ungdomsskulane.

På helsestasjonen møter du jordmor, helsesøstre , barne-og familierettleiar og lege.

Jordmor
Jordmor har ansvar for svangerskapsomsorga. I samarbeid med lege utfører ho svangerskapskontrollar av gravide. Ho tilbyr også svangerskapsgrupper til kvinner. Timebestilling hjå jordmor kan gjerast på tlf 52792300.

I samarbeid med Sauda og Rogaland fylkeskommune har Suldal kommune følgjeteneste for fødande til fødeavdelinga i Haugesund.

Helsesøster
Helsesøster har ansvar for oppfølging av barn/familie etter at mor og barn er komne heim frå fødeavdelinga.
Ho vil ta kontakt med familien i løpet av dei første 1-2 vekene og tilby heimebesøk og avtale vidare oppfølgijng på helsestasjonen.
Helsesøster har også ansvar for skulehelsetenesta. Ho har fast kontortid på alle barne-og ungdomsskulane 1-2 gonger i månaden avhengig av elevtalet, .

Barne- og familierettleiar
Barne-og familierettleiaren er ein ekstra ressurs på helsestasjonen som vi kan tilby til familier med barn frå 0-20 år som treng ekstra oppfølgjing utover det vanleg helsestasjon/ skulehelseteneste kan tilby. Ho har særskild kompetanse innan psykososiale plager hjå barn.

Lege
Lege deltek på helsekontrollar av barn og i skulen. Hovedoppgåva er å oppdage sjukdom eller medfødte lidingar hjå barn og tilvise dette til rette instans. Oppfølging av kronisk sjukdom og annan akutt sjukdom skal gå via fastlegen.

Helsestasjon for ungdom
Helsestasjonen for ungdom er eit tilbod særskild retta mot all ungdom opptil 20 år. Ta kontakt med helsestasjonen for timebestilling hjå helsesøster eller barne-og familierettleiar, tlf 52792200 Ungdom frå 16 t.o.m 19 år har rett på gratis prevensjonsrettleiing og p-piller. Elles kan ein ta opp andre ting ein ønskjer å snakke med nokon om, som psykiske plager, spiseproblem og lignande.

Reisevaksinering
Folk som skal reise utanom Vest-Europa og USA treng oftast tilleggsvaksinering. Helsestasjonen kan tilby vaksinering og rådgjeving i høve til dette. Time kan bestillast på tlf 52792300. Vaksinering bør starte 1-2 mnd før avreise.

Helsestasjon tilsette
YrkeNamnTlf
HelsesøsterOddbjørg Strand Løvik52 792 311/ 48992677
HelsesøsterHilda Tjøstheim Heikkinen52 792 312
HelsesøsterTone Sande Fisketjøn52 792 312 / 40406317
JordmorSilje Handeland52 792 313 / 97583549
FamilierettleiarKari Myklebust52 792 314 / 40406313
Helsesekretær/ bioingeniørIrma Weerstand-de Wildt52 792 310
Publisert av Torbjørn Guggedal. Sist endra 15.01.2013

Kontakt

Suldal kommune Eidsvegen 7
4230 Sand
E-post : postmottak@suldal.kommune.no
Telefon
: 52 79 22 00

Faks
: 52 79 22 05
Org.nr.
: 964 979 189
(Kontonr)
: 3202.07.01152
(Kommunenr)
: 1134
Opningstid
: Måndag - fredag 08:00 - 15.30

Oddbjørg Strand Løvik

Leiande helsesøster
Telefon : 52792311
Mob: 41553269
E-post :  

Se også

 
SULDAL KOMMUNE Eidsvegen 7 4230 SAND Telefon: 52 79 22 00 postmottak@suldal.kommune.no
padlock