Kommunen er med sine 1740 km² den største i Rogaland. Landskapet strekkjer seg frå kyst- og fjordlandskap til dalføre, skogar og urørte fjellområde. Her er eit stort biologisk mangfald, mange verneområde, ein rik kulturarv og svært gode vilkår for utøving av ulike friluftslivaktivitetar heile året.