Spesielt om psykisk helseteneste
Psykisk helseteneste er ei kommunal teneste - 1.linje teneste.
Dagtilbod på Loftet er:
... ein god møteplass for menneske med psykisk sjukdom eller livsproblem
... ein stad der menneske deler erfaringar
... ein stad for trening og ny meistring
... eit knutepunkt mellom menneske, grupper og nærmiljø
Dei viktigaste aktivitetane er knytte til ulike former for samvær - å kjenna seg vel saman med andre.
Opningstider på Loftet
Måndag til fredag, dei fleste dagar kl 10.00 - 14.00, nokre dagar på ettermiddag og kveldstid. Dette varierer noko etter brukarane sine behov og kva aktivitetar som vert prioriterte til ei kvar tid. Det er alltid eit samspel mellom kva brukarane ønskjer og kva som kan føra til meistring. Dagtilbodet i meistringsgrupper på Loftet er tenkt til personar under 70 år.
Romfunksjon og aktivitet
- Kjøkken med matlaging og trening i daglege gjeremål.
- Hjarterommet med peis. Dette fellesrommet vert nytta til gruppeaktivitet og kurskveldar. Opne aktivitetar for alle, der brukarane av dagtilbodet og evt. pårørande kan delta med tilrettelegging.
- Data/ leserom og musikkrom gjer det mogeleg å vera i mindre grupper - eller litt åleine.
- Rammeverkstaden med innramming av bilete. Måndagar etter kl 13.00 er verkstaden open for besøkande som kan komma å tinga innramming og velja rammer.
- Ateliér med male/teikne-aktivitetar.
- Keramikkverkstaden og- Snikkarverkstaden med rom for kreativ utfalding.
- Det "Stille rommet" kan brukast til kvile eller anna stille aktivitet.
- Fysisk aktivitet, med turar ute i terreng, er ein viktig del av dagtilbodet. Psykisk helseteneste er deltakar i "Frisk i friluft", eit fylkes- og interkommunalt prosjekt. Utvikling av Lindeparken og Urtehagen er ein del av prosjektet. Me har og eit trimrom i 2. høgda.