| Sluttrapport frå styringsgruppa |
Publisert 21.11.2008 |
Styringsgruppa i driftstilpassingsprosjektet har gått gjennom innkomne uttalar og lagt fram sin sluttrapport. |
|
|
| Nye Torjå - resultata frå workshopen |
Publisert 21.11.2008 |
Onsdag 5. november var Suldølar i alle aldre samla til workshop med Landskapsfabrikken - landskapsarkitektane som vann konkurransen om nye Torjå. I løpet av tre timar kom det både mange, gode og konkrete innspel. Innspela blir no tatt med vidare i prosessen, og kommunen i samråd med Landskapsfabrikken vil gjera ei prioritering. Klikk på "les meir" for å sjå heile lista over innspel. |
|
|
| Nye Torjå - juryen rapport |
Publisert 19.11.2008 |
Ein einstemming fagjury vedtok tysdag 28 og onsdag 29 oktober at forslaget "VEV", utarbeida av Landskapsfabrikken frå Oslo, skal danne grunnlaget for det vidare arbeidet med nye Torjå. I siste fase av den anonyme konkurransen var det tre forslag som stod igjen, og til slutt var det visjonen om eit robust, fleksibelt og opent torg som vann fram. Trykk på "les meir" for å laste ned juryens rapport. |
|
|
| Næring & utvikling - nyheitsbrev om næringslivet i Suldal |
Publisert 29.10.2008 |
Korleis vil finanskrisa i verda verka inn på næringslivet i Suldal? Dette er spørsmål me som arbeidar med næringsutvikling er opptekne av. Førebels kan me ikkje sjå nokre verknader av krisa, men det vil tida vise. I nyheitsbrevet Næring & utvikling kan du lese meir om sakene me er mest opptekne av no. |
|
|
| Gjensynstreff |
Publisert 27.10.2008 |
Me inviterer unge Suldøler til gjensynstreff i Suldal Kulturhus laurdag 27. desember kl. 13 - 16. |
|
| |
| OPEN PORT SULDAL - SULDAL SI STAVANGER 2008-AVIS |
Publisert 04.04.2008 |
|
I den bevisste satsinga som har gått føre seg dei siste åra på å satse på kultur og næring, på omdømmebygging, Skattkammer Suldal og på å styrke kommunesenteret vårt, er me no komne til det første store visningsåret vårt – Kulturhovudstadsåret 2008.
Fleire hundre tusen kjem til Stavanger, fleire titusen nye vil vitja Suldal for første gong.
Dei store spørsmåla våre i dette arbeidet har vore – korleis skal me få dei hit og få vist dei skattane våre.Korleis tek me i mot dei, og kva seier dei om oss til andre. Og kjem dei att for å bli her lengre tid neste gong dei kjem?
|
|
|
| Skogen er viktig for klimaet |
Publisert 11.02.2008 |
Totale CO2-utslepp i Suldal er oppgitt til 47.000 tonn pr år (2005). Berekningar viser at skogen i Suldal tar opp og bind minst dei totale CO2-utsleppa våre.
Les meir på suldal.miljostatus.no |
|